Vil du lese litt meir om Pilt-Ola? Forsand Sogelag laga ei nettside då dei hadde eit eige Pilt-Ola prosjekt frå 2008 til 2012. Sida kan du finne HER.

Ryfylke IKS deler kvart år ut ein pris i Pilt-Ola si ånd, og info pris og mottakarar kan du lese HER.

Pilt-Ola, eller Ole Olsen Sangesand som var hans eigentlege namn blei født i 1779 og død i 1858. Han var ein rastlaus entrepenør, brubyggjar (ja, ei fysisk bru!), oppfinnar og mykje meir. Men ikkje minst var han ein vandringsmann.

Livet hans starta i fattige kår, og hans utgang enda like så. Likevel så klarte han å ha eit utruleg innhaldsrikt liv kor han ein periode var ein av dei største skatteytarane i Stavanger.

Tronga hans til å etablera "nye sanningar" resulterte i store eventyr. Han reiste til Finnmark og gjeta reinsdyr med seg tilbake til Sør-Norge og Ryfylkeheiane. Dyra skulle bli ein ny leveveg for dei fattige bøndene rundt Lysefjorden.

Då Cleng Person reiste til Amerika med båten Restauration i 1825, meinte Pilt-Ola at det måtte vere råd å koma dit til fots. Han la ut på ei 7 år lang reise, men han måtte gje opp då han kom til Beringstredet. 

Uroa hans og mangla på tolmod gav han utfordringar i livet, men gav farge til historia som Jon Moe skildrar godt i boka si. I spelet gir me innblikk i delar av livet til Pilt-Ola.



Jon Moe har gitt ut boka Pilt-Ola, ein dokumentarisk roman